« Tilbake

Hovderittet 2016

Ørsta Sykkelklubb satsar vidare etter suksessen med debuten av arrangementet i fjor med rundbaneritt rundt Hovdevatnet i Hovdebygda i Ørsta Kommune.
Løypa består av terreng/sti, grusveg og asfalt.
Det vert 1-3 runder à 6,7 km, alt etter klasse, 
1-3 runder à 3 km for Ungdomscupen 11-16 år.
Start og mål er ved Hovden Møbel i Hovdebygda, ca. 4 km. frå Ørsta sentrum retning mot Volda.
Dette er eit sykkelritt som høver for syklistar på dei fleste nivå og løypa er moro og utfordrande!

Rittleiar er Kjetil A Myklebust. Telefon 92224287.

Tid:   Søndag 26. juni 2016.
Stad: Ved Hovden Møbel i Hovdebygda (kart)

TRIMKLASSE – 1 runde á 6,7km utan tidtaking.

Startkontigent: Kr. 50,-
Påmelding i startområdet (seinast 1 time før start).
Start kl.12.10.

TURRITTKLASSE, SENIOR – 3 runder á 6,7km. Totalt 20km.

Start kl.13.00

TURRITTKLASSE, JUNIOR (17-19 år) OG DAMER – 3 runder á 6,7km. Totalt ca 20km.

Startkontigent: Kr.150,- (+ evt. eingongs NCF turritt lisens Kr.150,-).
Start: kl.13.00.

Ungdomscup
I år er vi også ein del av ungdomscupen i fylket. Med unntak av M15-16 brukar vi ei enklare og kortare løype (Ca.3km). Sjå kart her.
Startkontingent: Kr.50,- (+ evt. NCF eingongs lisens Kr.50,-)
Start: kl. 12.00.

Frist for førehandspåmelding for turrittklasser er innan fredag 24. juni. Påmeldinga er ikkje gyldig før betaling er registrert.
Kontonummer: 3992 04 55216.
Etterpåmelding ved Hovden Møbel mot ei ekstra avgift på kr.150,- fram til kl 11.00 rittdagen.

Gå inn på http://www.orstask.no/ritt/hovderittet for video og nærmare presentasjon av arrangementet og løypa.

Detaljer

Øvelser