« Tilbake

NM motbakkeløp - Mefjellet Opp

Velkomen til NM motbakkeløp og Mefjellet Opp 2019!

Løpet vert arrangert i flott Sunnmørsnatur og startar heilt nede ved fjorden i Fjørå i Norddal kommune. Den første delen går delvis på asfalt og delvis på gamal bygdeveg. Etter 3 km går løypa inn på setervegen opp til Nysætra. Det er jamn stigning og underlaget er grus. Etter sætra er det fjellterreng med varierande stigning og underlag i i knappe 1,5 km opp til toppen av Mefjellet, 1100 moh.

Påmelding i konkurranseklassa er også påmelding til NM i motbakkeløp. Vi gjer merksam på at for å delta i Noregsmeisterskapet må den påmelde vere medlem i ein klubb som er tilslutta Norges Friidrettsforbund. Dersom den påmelde ikkje har slikt medlemskap, vil det vere deltaking kun i Mefjellet Opp.

Klasseinndeling i NM er i samsvar med Norges Friidrettsforbund sine reglar, K/M 15-22, K/M 23-34, K/M 35-39, K/M 40-44 osv med 5 års klasser. Arrangøren vil lage eigne lister for NM utifrå påmelde deltakarar. 

NM motbakkeløp - Mefjellet opp inngår i Norges Friidrettsforbund sin motbakkecup i 2019.

Deltakarane i konkurranseklassa må bere sekk på minst 2 kg.

Mosjonsklasse med tidtaking er open for deltakarar frå 11 år og oppover. Ei klasse for jenter/damer og ei klasse for gutar/herrar. Deltakane treng ikkje bere sekk i denne klassa.  Dette er eit "enklare" alternativ for dei som vil starte saman med konkurranseklassene og få registrert offisiell tid. Resultatlister vert ikkje rangert. Uttrekkspremiar.

Alle som melder seg på må ha lisens i samsvar med reglar fastsett av Norges Friidrettsforbund.  Det må registrerast eingongslisens dersom deltakararen ikkje har betalt heilårslisens. Avgift for eingongslisens må betalast saman med startkontingenten i EQtiming.

For meir informasjon sjå www.mefjelletopp.no

Detaljer

  • Oppstart:22.06.2019
  • Etteranmeldingsfrist:21.06.2019 23:59
  • Sted:Valldal
  • Gren:Friidrett
  • Ordinær påmeldingsfrist:19.06.2019 23:59
  • Nivå:
  • Arrangør:Valldal Idrettslag
  • Deltakerliste

Øvelser

  • NM motbakkeløp - Mefjellet Opp 22.06.2019 Klasser ▾

    Kvinner

    1. K14-15
    2. K16-17
    3. K18-19
    4. K20-22
    5. K23-34
    6. K35-39
    7. K40-44
    8. K45-49
    9. K50-54
    10. K55-59
    11. K60-64
    12. K65-69
    13. K70-74
    14. K75+

    Menn

    1. M14-15
    2. M16-17
    3. M18-19
    4. M20-22
    5. M23-34
    6. M35-39
    7. M40-44
    8. M45-49
    9. M50-54
    10. M55-59
    11. M60-64
    12. M65-69
    13. M70-74
    14. M75+
  • Mefjellet Opp - Mosjonsklasse med tid 22.06.2019 Klasser ▾

    Kvinner

    1. Kvinner

    Menn

    1. Menn